Bergsøy IL-Fotball

Historikk

Historikk

Historikk

Her kjem meir etterhvert. Her følger eit kort samandrag av historia med eit par filmar til slutt!

 

Bergsøy Turn og Atletforening blei oppretta 4.oktober 1944. Laget hadde gymnastikk, turn og boksing som sine fyrste interessefelt. Men på eit styremøte 24.mai 1945 vart det bestemt at laget skulle skifte namn. Det vart vedteke at namnet skulle være "Fosnavåg Idrettsforening". Men berre seks dager etter vart laget meldt inn i Norges Idrettsforbund med namnet Bergsøy Idrettslag.

Huldalen kjem

Seinare blei det kjøpt grunn i Huldalen. Og laget arbeidde tungt økonomisk. Støtte frå Kommuna var lik null, men innsatsen frå medlemmane var enorm. Det vart skipa til marknad med skytebane og tombola fredag og laurdag, medan det var revyprogram søndagar. Dette var en årleg tradisjon. Etterkvart som ein del av Huldalen blei grusa kom også den første fotballkampen dit. Sundgot var motstandar, og bana var så lita at dei ikkje kunne spele 11 mot 11. Så det enda med 8 mot 8.

Grøne og blå drakter

Den 7.mai 1951 melde laget seg inn i Sunnmøre fotballkrins og fekk drakter. Desse første Bergsøydraktene var grøne med kvit krage, og buksene var blå. I 1952 kom lagets første store fotballsesong. Då var Huldalen så stor at den blei godkjent for kamper.

Bergsøy overrasska alle i 3.divisjon i 1970. Laget hadde aldri vært så høgt oppe før. I seks år hadde laget spelt i 4.divisjon, før opprykket i 25 års jubileumsesongen. Det dumme var at Bergsøy ikke hadde grasbane. Men grasbana kom i 1972.

I 1975 kom også vimpelen på plass. Så endeleg kunne Bergsøy gi vekk, og ikkje berre ta imot vimplar på kampdagen. Mannen bak tegninga var Nils H Lied i Fosnavåg.

 

Bergsøy trengde sårt eit klubbhus, og det blei realisert i 1988. Primus motorar for dette dugnadsarbeidet blei gjort av Asbjørn Almestad og Kåre Botn. Begge med mange år i aktiv tjeneste for Bergsøy IL.

Bergsøy i Adeccoligaen

I 1981 var BIL oppe og kjempa i gamle 2.divisjon, som idag er meir kjend som Adeccoligaen. BIL har aldri vore så høgt oppe hverken før eller etter. Det blei kampar med mykje publikum, og lag som Sogndal, Steinkjær, Bodø/Glimt, Tromsø og Molde tok turen til Fosnavåg. Bergsøy var samstundes i divisjonen over både Aafk og Hødd!

Ny kunstgrasbane kom i 2007 og klubben er i stor vekst. Meir detaljert og fyldig historikk om klubben vår kjem vi tilbake til seinare.

For eit litt bedre innsyn i klubben kan du kike på denne historievideoen. Her er det fleire flotte minne.

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift