Bergsøy IL-Fotball

Høgdepunkt

Høgdepunkt

OPPRYKK TIL 1.DIVISJON

Året var 1980, og Bergsøy kjempa i toppen av 3.divisjon. Dette tilsvarar nåtidens 2.divisjon. Laget hadde kjempa i toppen av divisjonen i ei årrekke, men hadde aldri klart å rykke opp. Det skulle bli ein tøff kamp mellom Bergsøy og Skarbøvik om den eine opprykksplassen.

Det skulle bli kamp til døra. To kampar gjenstod av sesongen, og Bergsøy skulle spele heimekamp mot Tornado. I kampreferatet sto det at 1700 tillskuerar hadde møtt opp på Bergsøy Stadion, men det var 2346 betalande tillskuerar denne dagen. Bergsøy måtte vinne, men mangla samtidig sin storscorar Fred Frantzen som var ute med suspensjon.

-"Det er nesten så det tar nattesøvnen. Og så akkurat nå - jeg som ikke har stått over en eneste kamp siden 1974. Har hatt et utrolig hell sånn, aldri skada. Men vær sikker på at Bergsøy akter å vise at de kan klare seg uten meg. Og jeg er overbevist om at vi skal klare brasene. Jeg vet ikke om jeg tør se på. Blir vel med i oppladninga, kan vel bidra der. Men når kampen blåses av stikker jeg mest trulig av." (Fred Frantzen i et intervju før kampen)

Trond Paulsen spelte vanligvis på midtbana, men tok over rolla som midtspiss i Frantzen sitt fravær. Han skulle etterkvart få vise seg fram, men kampen starta først med for tregt tempo. Det tok seg imidlertid stort opp, og Kjell Rønnestad spelte en flott kamp på midtbanen. Den største profilen blei dog Trond Paulsen som scora begge måla i en 2-0 siger, og han hadde blitt tremålsscorar om det ikkje hadde vore for at det siste blei scora nokre centimeter i offsideposisjon.

Det var ei lettelse for Bergsøy å slå Tornado, et lag dei hadde tapt 3-1 for i vårkampen. Men opprykkskampen var fortsatt like spennande ettersom Skarbøvik hadde vunne 2-1 mot nedrykksklare Henning. Alt skulle bli avgjort i den siste serierunden. Bergsøy skulle møte Sverre borte, mens Skarbøvik skulle være vertar for Neset. Bergsøy var i førarsetet foran den siste runda, men burde vinne for å sikre seg opprykket.

Avisa SA følgte spenninga foran kampen mot Sverre frå kloss hald, og fann raskt ut at det var sammholdet og kameratskapet som var den hemmelige oppskrifta til laget. Framme i Trondheim var det først ein god middag som var på programmet, mens det deretter blei kartoffelmusikk frå midtbanespelar og musikkstudent Svein Arne Møller. Spelarane fekk gjere som dei ville resten av kvelden, men trenarduo Asbjørn Myklebust og Bjørn Prytz var klare på at alle skulle være tilbake innen klokka 2300. Dei fleste tok turen for å sjå ein skrekkfilm for å kome i krigshumør, men Knut Igesund og Fred Frantzen satsa på meir fredelige metoder. Idet "krigerane" kom tilbake til hotellet hadde Fred sove lenge, mens Igesund slappa av med Heradstveits Eldprøva på TV.

Stemninga var til å ta og føle på alt ved frokosten søndagsmorgen. Vel framme i Levanger var Knut Igesund allereie i treningstøyet før dei andre hadde rukke å kome i garderoben. Det skulle ikkje slurvast med oppvarminga. På stadion var det et hav av røde og kvite fargar frå den store supportergjengen som hadde møtt opp.

Den avgjerande siste kampen

Så var det klart for sesongavsluttning, og Bergsøy måtte klare et minst like godt resultat borte mot Sverre som det Skarbøvik skulle klare heime mot Neset. Det starta dårlig. Spelarane var nervøse og spelte anspent og ukonsentrert. Det var ikkje fine ord som blei sagt i pausen for å vekke innsatsen til livs.  Det einaste positive med 0-0 til pause var at det også sto 0-0 i Skarbøvika. Etter 54 spelte minutter tok Skarbøvik ledelsen, og SIF hadde passert Bergsøy på tabellen. Skulle Bergsøy ta tilbake tabelledelsen? Angriperane Frode Wilhelmsen og Fred Frantzen hadde hittil i kampen vore uvanlig anonyme.

Ting kunne tyde på at det store håpet Fred Frantzen ikkje hadde dagen. Fleire gongar gav han beskjed til laglederbenken om å bli bytta ut, men kvar gong fekk han beskjed om å spele "to minutt til". Etter 57 minutt var Bergsøy oppe i 1-0 etter scoring av Frode Wilhelmsen, men Sverre utligna til 1-1 et kvarter før slutt. Samtidig var SIF oppe i 3-0 ledelse. Skulle alt rakne? Minuttet etter Sverre si utligning fekk heimelaget også et mål annulert for offside.

Sverre kunne gå mot nedrykk med tap, og hadde ingen planar om å gi seg lett. Heldigivs for Bergsøy skulle Fred Frantzen snart sette den viktige 2-1 scoringa. Kort tid etter Sverre fekk sitt mål nummer to annulert, og to og eit halvt minutt etter 1-1 scoringa, fekk Frantzen ein løpeball. Han driblet seg til skuddposisjon, og satte ballen kaldt mellom beina på keeper og inn i motsatt hjørne. Den trilla såpass svakt at en Sverre-back var nær i å nå den igjen. Gjett om jubelen var høg hos Bergsøybenken!

Så kom spikeren. Et frispark blei slått fram av Svein Arne Møller, og ballen gjekk mellom to Sverre-forsvararar som ikkje blei einige om kven som skulle ta ballen. Frantzen lot seg ikkje be to gongar, og fekk score frå kloss hald. Enorme gledesscener utspant seg i garderoben idet sigeren var sikra. Mange av spelarane berømma også dei "der heime", ektefeller som har måtte finne seg i at mannen har vore på trening og kamp både kveld og helg. En beveget fotballformann Kjell Sævik takka for innsatsen og var ikkje sein med å ta fram "sjampisen". -"En fantastisk følelse", var hans første kommentar etter at han fekk summet seg. Trenar Asbjørn Myklebust hadde vore med på å spelt laget opp frå både 5. og 4.divisjon, og har proff-fortid som spelar i Vest-Tyskland, men kommenterte at -"Dette er det største jeg har opplevd i fotball. Det er rett og slett ubeskrivelig".

På bildet over ser vi kaptein Knut Igesund og lagkameratar med sjampagnen etter kampen.

Hyllest av det 'nye' storlaget

-"Sjølv om det var fantastisk morsomt å spele i 1.divisjon med Hødd alt som 17åring, så spørs det om ikkje dette likevel overgår absolutt alt jeg har vært med på tidligare i fotball." (Jack Pettersen)

Omtrent 40 fotballfrelste var samla på Norol-stasjonen mens kampen pågjekk, og telefonsamtalane gjekk alle veiar i håp om å bli oppdatert på resultatet. Idet sluttresultatet blei bekrefta så var det store gledesscener i Herøy. "Pit" Pettersen og Harald Arnesen tok nokre raske tangotakter på golvet i glede. Bilkortesje, fyrverkeri, hyllingsang, gammaldans, taler og blomsterhelsingar. Hovedstyreformann Mathias Pettersen sto i spissen for festkomiteen som sørga for den hjertelige velkomsten til laget. Tor Igesund og Jens Kristian Hansen var også med for å få programmet iorden, og då Bergsøybussen kom til brukiosken ved Herøybrua blei dei møtt av mange bilar som danna front i kortesjen mot Fosnavåg.

Gammaldansorkester var på plass med "ny Bergsøysang", melodi av "Bassar" Frantzen og ny tekst av Oddbjørn Blindheim. Kort tid før BIL-bussen kom fram blei teksta trykkt i trykkeriet til Astor Måløy, og supporterane hadde fått tid til å øve seg på songen to gongar. I lyse frå blitzlampar og fyrverkeri kom spelarane ut av bussen og fekk kvar sin bukett av festkomiteen. Ikkje alle auge var tørre, og jubelen kom gang på gang.

-"Om eg ikkje beit naglar, så dreiv svetta av meg som om eg sjølv skulle vore ute på bana. Fyrst etter å ha fått stadfesta resultatet tre plassar, forstod eg at vi hadde vunne kampen og var i 2.divisjon." (Mathias Pettersen)

På bildet over ser vi ein jublande gjeng etter at opprykket vart klart!

-"Det er barre å ta av seg hatten og grattulere Bergsøy. Et lag som tek 19 av 22 poeng på hausten fortjener naturlig nok å rykke opp". (Frank Sourza, SIF)

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products