BTV: Høgdepunkter og reaksjonar etter 2-3 tap mot Langevåg!

Bergsøy gjekk på sitt fyrste tap sidan serieopninga mot Hødd2 då Langevåg trakk det lengstre strået fredag kveld.

Bergsøy kom best igang og tok leiinga ved Martin Søvik Røren. Det burde vore fleire Bergsøymål før heimelaget faktisk rakk å snu kampen før pause. Etter pause fekk Bergsøy nye sjansar til å utlikne før Langevåg scora på eit frispark. Det var indirekte, men sidan Jake Knight var på skotet så blei det dømt mål. Dermed fekk Bergsøy eit nytt slag i ansiktet som det blei vanskeleg å kome seg opp igjen frå.

Stian Zahl reduserte på slutten men det hjalp ikkje mykje for poengsankinga denne fredagskvelden. No er Bergsøy sju poeng bak Hødd2 som vann sin kamp borte mot Norborg.

Sjå høgdepunkta under og kommentarane til ein skuffa trenar!

Video: Thomas Sporsheim

Bergsøy Fotball TV

 

Samarbeidspartnere

Kvalitetsklubb

Fair Play

PÅMELDING HAVYARD CUP 2017

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift