Kretslaget G13 på samling i Oslo

Vi har fått tilsendt en rapport som vi gledelig deler med alle smiley

===============================================================

Talentarbeidet til Bergsøy Fotball ber frukter

Bergsøy fotball har dei seinare åra starta eit gjennomført prosjekt med felles trening for alle grupper over 12 år (Breddeakademiet). Alle gruppene møter til trening dei fastsette dagane rett etter skuletid, og blir trente av profesjonelle eller ansatte trenarar om du vil. Dette er noko som no syner seg å bere frukter, og denne helga var 2 av spelarane på G13 år uttekne til Nasjonal Samling på Valle Hovin i Oslo. Dette er eit prosjekt som toppklubbane i landet styrer ilag med fotballkretsane, og på Sunnmøre er det Aafk som har ansvaret. Denne helga var det Vålerenga fotball som arrangerte turnering, og alle eliteserieklubbane var representerte med egne lag.

Aafk har såleis plukka ut 18 13 åringar som fekk ta del, og av dette var 8 mann frå Ytre Søre og 10 frå bydelane i Ålesund.

Bergsøy var representerte med 2 mann, ein målmann Julius Zahl Jarnes og ein midtbanespelar Vegard Håheim Eleveseter.

 Ellers var Hødd representerte med 2, Haddal med 1, Hareid med 2 og Volda med ein spelar. Dette er sjølvsagt eit steg opp for desse spelarane, og dei blir såleis sett på som talent på sine respektive plassar og klubbar. Det skal også henge litt høgt å bli plukka ut til eit slikt kretslag, og det er gjerne dei som har trena og stått på litt ekstra som blir honorerte med ein plass i ei slik tropp. Troppa som representerte Aafk blir også stamma i eit kretskag G14 år som komande år skal take del i ein landsdekkande serie, og her skal det også fyllast på med ca 10 nye spelarar. Dette blir då ei stor tropp som skal trene ilag i regi av Aafk, der treningane blir på Colorline Stadion. Frå denne troppa blir det plukka ut eit lag som får spele mot dei beste laga på G14 nivå  i Noreg.

Denne helga var det kampar mot  Viking, Sandes Ulf, Vålerenga og Sarpsborg 08, og alle kampane vart spelte på Valle Hovin (Oslo)- der Vålerenga fotball stod som arrangør.

Første kamp var mot Viking og enda til slutt 1-1, og var eit jamt oppgjer der laga hadde kvar sin omgang dei var best. Aafk burde nok avgjort til sin fordel etter ein god 1 omgang, men ein del bytter gjorde at dette jamna seg ut i 2 omgang. Begge Bergsøygutane spelte heile kampen, og gjorde ein god figur.
Tek også med at Viking blir trena av tidlegare Bergsøytrenar – Hugo. Han er no tilbake etter eit kortare opphald i Kina og er no tilsett som trenarkoordinator i Viking.

Andre kamp laurdagen var mot eit godt organisert klubblag Sandnes Ulf, og her vart det knepent 2-1 tap. Gutane spelte ein god kamp, og kunne fort ha fått med seg poeng då dei brende starffespark og blei tvilsomt avblesne for offside ved eit høve. Vegard Håheim Elveseter gjorde ein god figur på sentral midtbane og laga eit flott mål som blei avblese for offside.

Søndagen starta med kamp mot Vålerenga, og her vart det siger 3-2. Vegard Håheim Eveseter gjorde ein god figur her, då han laga 1-0 målet på ei flott løp og blei også seinare felt og ordna straffe til Aafk. Dette blei også det avgjerande målet i ein god kamp av Aafk. Julius Zahl Jarnes stod 1 omgang i mål, og gjorde igjen ein god figur.

Siste kamp var mot Sarpsborg 08, også her blei det siger 2-0 til Aafk. 1-0 kom igjen ved Vegard Håheim Elveseter som kom på eit av sin gode løp frå midtbana, og var såleis ein sentral spelar i begge søndagskampane. Julius Zahl Jarnes stod ein god kamp i 1 omgang, utan at han vart sett på dei heilt store prøvene.

Gutane frå Bergsøy har såleis fått med seg gode referanser på kva nivå fotballen på landsnivå ligg, noko som gjer at dei kan ta dette med seg til klubbane å vise dei andre kvar lista ligg. Ei god og lærerik oppleving, og noko som sjølvsagt vil gje meirsmak.

Det er sjølvsagt kjekt å sjå at talentarbeidet i småklubbane ikkje ligg noko bak arbeidet som storklubbane gjer, og at våre gutar gjer ein god figur ilag med det som blir rekna som landets beste 13 åringar.
=====

Adm ønsker å tilføye litt:

Kjekt at vår tidligere Sportlige leder og trener Hugo Vicente deltok på denne samlingen. Hugo som nå altså er i Viking, var sentral i ideen, og planleggingen av Breddeakademiet vårt, som vi nå har gjennomført på andre året. Breddakademiet har siden oppstart vært ledet av Toni Sandanger som sammen med våre andre trenere i klubben gjør en stor innsats for å utvikle våre spillere. Det er alltid kjekt å se at våre spillere tar steg i utviklingen. Det gir ikke bare motivasjon til spillerne men også til klubben og dens trenere og ledere.

Adm

Bergsøy Fotball TV

 

Samarbeidspartnere

Kvalitetsklubb

Fair Play

PÅMELDING HAVYARD CUP 2017

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift