BTV: Høgdepunkter og reaksjonar etter 4-0 siger mot LGFK!

Fire mål og god fredagsstemning på Havila Stadion Fosnavåg då Bergsøy slo naboane Larsnes/Gursken med 4-0.

I årets siste reportasje frå TATS så kan du bli med inn i garderoba umiddelbart etter kampen og få reaksjonar frå spelarar og trenar Toni Sandanger. Korleis kampen utarta seg får du i videoen så det er ikkje så mykje vits i å avsløre innhaldet. Over 300 tilskodarar var tilstades denne fredagskvelden og kosa seg vil underteikna håpe. Det var heller ingen store skandaler å ta for seg rundt frukostbordet på laurdagsmorgonen.

Tobias Arnesen debuterte for A-laget i denne kampen. Han kjem frå Tjervåg og var nære på å score rett etter at han kom inn. Kva han meinte om situasjonen ser du i intervjua som er gjort rett etter kampslutt!

Nyt årets siste høgdepunkt frå BTV! Når det kjem tilbake det er uvisst...

Video: Thomas Sporsheim

Bergsøy Fotball TV

 

Samarbeidspartnere

Kvalitetsklubb

Fair Play

PÅMELDING HAVYARD CUP 2017

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift